Om vi ser nærare på orda i lista, ser vi at bokmålsord som ikkje er godkjende på nynorsk, utgjer ein god del av dei vanlegaste feila. Det gjeld mellom anna ord som fortsatt, ansatt, forrige og foran, der nynorsk har eigne ord (framleis, tilsett, førre, føre) eller samt og pågå, der nynorsk bruker omskriving med fleire ord (og dessutan, gå føre seg). Bokmålsordet kun blir sett på som litt gammaldags også på bokmål – på nynorsk er det ikkje brukande, vi seier i staden berre.
Verbet krevje kan sjå krevjande ut både når det gjeld stavemåte og bøying. Den innskotne j-en er her obligatorisk, mens han ofte elles er valfri, som mellom anna i tenkje/tenke og byggje/bygge. På nynorsk har dette verbet i tillegg berre sterk bøying, som ser slik ut: krevje–krev–kravde–kravd/kravt.
Nynorsk ordbøying kan vere ei utfordring, og fleire av feila på denne lista høyrer til denne kategorien. Også her spelar nok innverknad frå bokmål ei rolle. Nøytrumsforma av adjektivet grei er ikkje grei skuring – her må ein få med to t-ar til slutt. Greitt nok når ein veit om det. Verbformer som trengs og fins kan berre brukast på bokmål – på nynorsk må ein få med ein t til slutt (trengst, finst).
Ein omvend type feil er det ein kan kalle «hypernynorsk», der ein på eit vis overdriv skilnaden mellom bokmål og nynorsk. Når ein skriv meinar, mens det ein meiner, er meiner, kan det vere ei form for hypernynorsk, men det kan òg ha samanheng med dialekttilhøve. Verbendinga i presens på -ar, finn vi berre på nynorsk, men det betyr ikkje at ho er brukande overalt. Det gjeld til dømes også verb som anbefaler, fungerer og samarbeider (ikkje anbefalar, fungerar og samarbeidar).
Til sist kan vi slå fast at fleire vanlege feil på bokmål òg er vanlege på nynorsk. Det gjeld i særleg grad samanskriving av ord som skal vere delte: omlag, etterkvart og tilstades (korrekt: om lag, etter kvart, til stades) og bruk av aksentar (vi skriv òg, ikkje óg).
Treng du hjelp med å få omsett tekst frå bokmål til nynorsk? Med vårt omsetjarverktøy blir teksten omsett med eit tastetrykk. Les meir her om omsetjaren vår.